Vurderar litt om eg skal byrje å blogg på nynorsk i staden. Det er vel det eg eigentleg er mest vant til, men brukar like mykje begge dele. Må tenke litt meir på det trur eg.
Har byrja på ei ny jakke til Amalie. Denne frustrerar meg, for oppskrifta er heilt feil, må nærast lage oppskrifta sjølv, men jakka er fin, og strikka i babyalpakka med silke, er det noko av det mjukaste som er, trur eg. Har tidlegare strikka ein dress i samme garn.
Kameraet kranglar om dagen, difor blir det ikkje bilde dinne gongen.
Ha ein flott vinterferie, dei som har det, dokke andre får ha lykke til i kvardagen igjen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar