torsdag 11. juni 2009

Husteikningar

Her er teikningane på det nye huset/ to-mannsbustaden vår. Vi gleder oss voldsomt til å flytte. Eg har skjert ut vår del av teikningane. Vert noko heilt anna enn å bu på 74 kvadrat.

Loftet 
Kjelleren
Hovedetasjen

Jentene skal bu i kjellaren, medan vi bur på loftet. Rein luksus med to bad!

Vi har gjort litt endringar på kjøkkenet, og valgt Scala i frå Sigdal. Teikningar kjem når dei er heilt ferdige. Må få endra benkeplata, ellers er dei vel eigentleg ferdig, men eg har dei ikkje på macen. 

Helga skal brukast til å finne ut litt smådetaljar som skal på plass. Fliser og fargar på veggar. 

I dag skal vi på avsluttning i barnehagen med grilling, i regnveret. Det blir nok flytta innandørs. Rart at året snart er slutt og til hausten har vi fått ei solsikkejente, (dei som gjeng siste året i barnehagen før skulestart). Rart som tida går. Ho gler seg alt til å byrje på skulen. Veslejenta mi. 

Eg har no tre nattevakter foran meg og sei derfor God helg
Vi håper på sol.


Ingen kommentarer: