Her er det framelis sommar, vi har hatt mykje fint ver, men no regnar det, heldigvis for meg. eg har vore utrolig allergisk i sommar og med alt det fine veret er det litt slitsomt. Men no er det heldigvis litt betre.
Denne out-fiten passer betre no, men det er jo Sunniva sine støvlar. Sko tjuven slår til igjen:) Sunnvia er no blitt lei av denne sko låninga og i går toppa det seg, da ho nok ein gong tok crocsa hennar. "Amalie må du alltid ta skoa mine?" Amalie gjekk og henta gullskoa til Sunniva i staden;)
Måtte berre le da eg såg dette. Amalie hadde krabba oppi kleskorga. Ho er ei lita lure, og finn på mykje rart.
Sunnia har fått seg sykkel. Ho er storfornøgd. Ønske var ein raud sykkel, men ho er svært så fornøgd med ein rosa. Ikkje so lett å ta bileter når ho fyk av gårde i full fart.
Eg har sydd bukse til Amalie. Den er sydd i lys lilla lett lin. Deilig og svalt på varme dagar. Den er litt stor, so den passar nok ei stond til. Men den var lett å sy, heldighvis.Eg er litt usikker på korleis eg vil ha bloggen min. Ser den har vorte ein mamma blogg, men eg er llitt usikker kva eg eigentleg vil ha. Hobby, mamma eller interiør? Får fundere litt meir på det i sommar. Må også sjåan korleis hausten vert. Litt uklart enda.
Eg skal no begynne å jobbe, no når mannen byrjar på ferie, og har jobbe helg. vert ei intens veke, før vi skal få med oss U2 konserten i Gøteborg. Skal bli godt med ein kjeresteferie, og feire bryllupsdag, berre oss to.
No søv jentene og mannen er på jobb, so no skal eg prøve å få meg ei oversikt over diverse ufoar som har hopa seg opp. Nokre av dei kan hende må bøte med livet trur eg. Alltid kjekkare å byrje på noko enn å gjere ferdig noko anna. Men det som nesten er ferdig bør eg klare å få ferdig.
God sommar helg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar