fredag 16. november 2012

Tilbake?

Det vart vist ei lang pause her på bloggen. Det har vore ein veldig travel haust, og mannen har vore mykje borte. Sidan eg arbeider turnus, har det vorte ein del ekstra på meg, for at det skal gå opp sånn planmessig, utan at eg har måtta bruke opp ferien min. Og med ei som framleis lid litt av lakenskrekk har ikkje enegien vore tilstades om kvelden til bloggen, og jentene og heimen har vorte prioriter. No håpar eg at det roar seg litt framover mot jul, og ser fram til nesten 14 dagar ferie i desember. 

Rosene heime hos mamma og pappa i sommar.

Formiddagen i dag har gått med til å montere ein Trofast frå IKEA. I tillegg ligg det to flatpakkar til på stova som skal monterast i løpet av helga. Vi har byrja på eit lite prosjekt og håper at det vert litt enkare i kvardagen. Storesøster må få seg nytt rom iløpet av våren, (jo snarare dessto betre) og ho er no klar for å få eige rom. No deler ho med småsøstrene, og tre på eit rom er ikkje berre greit, men på grunn av planløysninga i huset, har det måtta blitt slik. Og sidan vi er i ferd med å bli trangbodde, vert krava til gode oppbevaringar ekstra viktig. 110 kvadrat fordelt på tre etasjar, er  ikkje so veldig mykje, men vi trivast so det går enn so lenge.  

God helg!

2 kommentarer:

Benedikte sa...

Hyggelig å ha deg tilbake! Forstår at du har priorirert jentene og familien din! Håper vi får høre fra deg litt ofter i tiden fremover. God helg :)

Fargebarn sa...

Håper ting roer seg og at dere får nyte førjulstida! Blogging er jo bare et overskuddssyssel.