Ei 8-års feiring er alvorlige saker.
I år fekk frøkna lov til å invitere heile klassa,
og 20 born å halde styr på vert ein del.
Men kjekt, det hadde dei det.
Sidan det vart so mange valgte vi å ha det på jobben til mannen,
og kva gjer ein ikkje for dei søte små?
På menyen stod det:
Kaker, cookies, muffins, gele, brownie, pizza og pølser.
Her skal alle like noko.
Sidan eg for det meste sto på kjøkkenet,
(fantastisk å ha eit storkjøkken til slike selskap)
vart det ikkje tatt bilete av bordet eller maten.
Og plutselig var selskapet over.
Heldigvis fekk vi god hjelp av svigermor, svigerfar og mannen sin onkel
til å servere, og halde litt kontroll.
Det vart godteposejakt i utstillinga, noko som var stas.
Her har alle funne kvar sine og er på veg inn i salen for å ete godt og sjå litt film.
Og småsøstre må jo også vere med, må dei ikkje?
(For ordensskyld er det våre jenter på bilete, og ei vennine langt i det fjerne).
P.S. Bygget er ei arktiektonisk perle og er tegna av Sverre Fehn, og er også kåra til ait av landets vakraste bygg.
Betong kan vere vakkert.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar