Tida flyg frå meg om dagen, og sidan macen tok kvelden for to månader sidan, har det vore vanskelig med blogging. Tida har i staden vore brukt på dei fire herleg små og strikking. Eg strikkar ikkje mykje, men det blir ein pinne her og ein pinne der. Sidan vi har fått eit lite vidunderbarn som legg seg mellom sju og ni, vert det tid til litt kveld også, og nokre omgangar på pinnane.
Genser og vest til lillebror
Jakke til Vesla
Strikketid
To små vener på golvet.
Vesla i vest som eg har strikka tidlegare.
(lita stove og uryddig bakgrunn, tatt i øyeblikket)
Ny vest til lillebror på pinnene.
Ei lita oppdatering frå denne kanten.
Kanskje får eg tid til meir blogging no som ny pc er i hus.
No er det mammatid med Broen og strikketøy.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar