tirsdag 17. desember 2013

Årets julekalender

Dei to eldste har kvar sin broderte julekalender som dei har fått av tanta mi.
Ho har brodert begge, og er veldig flink. Det er veldig kjekt å ha nokon som ønsker å lage slike fine ting til jentene som dei kan ha glede av lenge. På grunn av mangel på plass er det berre den eine som heng framme på stova.
 


 
Av praktiske årsakar hang eg ikkje opp alle pakkane med ein gong,
 men mest fordi eg hadde ein anna plan med kalenderen.
Eg hadde tenkt å henge opp konvoluttar no og da med forskjellige
 ting som vi kunne gjere saman til jul.
Men det gjekk ikkje som eg hadde tenkt.
På grunn av mykje sjukdom valgte eg å droppe det, rett og slett. So gjer vi heller det vi får tida til og har lyst til når det passar. Istaden vart det kvar sin liten sjokolade av ulike slag. Mest som ein liten koslig start på morgonen, eller til barne-tv for den som klarer å vente. Det enkle er det beste, men kalenderen er så fin, so eg har lyst til å bruke dei. Litt meir jobb på mor, men ikkje på langt nær so mykje arbeid som er lagt ned i å lage desse kalenderane.
 
Jentene får kvar sin, enkelte dagar får dei ein liten pakke med ting ein treng. Hårstrikk, klemmer, viskelær eller vaskeklut. Og på julaften vert det noko ekstra sidan eg ikkje har fått laga julestrømper i år heller. Men til neste år, då blir det. Trur eg
 
I dag er lillebror åtte månader. Ein stor liten gutt med eit stort smil.
 
(Beklager dårlege bilete, men kalenderen heng i ein mørk krok av stova, i tillegg er det hauststormar som har prega desemberveret, og ikkje snø som lyser opp i mørkret. )
 

Ingen kommentarer: