Det er mange valg å ta når ein skal flytte, og huset treng sårt litt modernisering.
Vi valgte å skifte kjøkken. Mest fordi kjøkkenet hadde innebygde kvitevarer, og var 17 år gammalt, og fordi eg ikkje ville ligge på golvet og krabbe inn i skapa på jakt etter det som ligg lengst inne. Men kvitevarene hadde kanskje haldt i tre år til, også måtte vi ha skifta dei. Og å bu i eit hus og skifte kjøkken er slitsomt. So då skiftar vi kjøkken før vi flyttar inn, og får det lyst og funksjonellt med ein gong. Benkeplate har vi valgt, ikkje mindre enn tre gonger.
Golvet måtte også skiftast. Eit kaldt gammalt laminatgolv vert bytta ut med einstavs parkett i kvitolja ask. Vi gler oss.
Lysrosa strietapet veggar vert dekte med mdf plater. Vi har ikkje tid til å male, då juni er svært travelt for oss. Då gjer vi det enkelt og greit. Og eg trur faktisk ikkje det blir so mykje dyrare, då det går ganske mange liter maling, ikkje minst timar til å dekke dette store rommet.
Platene er klare til å leggast, takket er malt. Når vi kjem opp i morgon, vil vi bli møtt av eit heilt anna rom.
Og i litt sånn impulsoppussing har vi plutselig funne ut at vi skal bygge igjen ei dør, og lage ei tv- stove oppe på stova. Men eg trur det blir bra, og eg trur det blir rett. Det viktigste er å tenke på korleis det vil fungere i praksis, og på lang sikt.
Så får vi sjå om det blir so bra som det er tenkt. Det er første gong vi pusser opp. Her vi bur no kjøpte vi nytt, og før det har vi leigd. Men eg kjener at eg eigentleg likar det, sjølv om eg ikkje har fått malt so veldig mykje enda. Men det blir.





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar