Eg er svak for fargar. Særleg på born. Alt treng ikkje vere i pastellar, alltid, sjølv om det og kan vere fint. Då Sunniva var lita gjekk det nesten ikkje ann å få tak i klede med fargar på, alt var babyrosa til ho var nesten eit 1/2 år. Eg måtte verkeleg leite for å finne for eksempel noko som var raudt. Dersom eg brukte andre fargar spurde alle kva den gutten heite. Difor er eg so glad for at det er meir fargar no. Amalie har eindel som er brunt, og det er kjempe fint på små jenter, synes eg. Då eg var i Haugesund fann eg ein Polarn o pyret butikk. Her er nokre favorittar: (av ein eller annan grunn vart bileta veldig store, merkelig, og no vart skrifta rar og.)




Lua og den raude kjolen fekk bli med heim, kunne sikkert ha vore her kjempe lenge, og hadde eg budd i Haugesund hadde eg nok vore innom både titt og ofte. Jentene fekk kvar sin raude kjole til sommaren. (Hadde lyst på den gule og den blå kjolen og, men det var det med å begrense seg da.) Men eit pluss var at kjolen var svanemerka:)Her har våren kommen, håper han har tenkt å bli denne gongen. Såg hestehov då eg og Amalie var ute på sovetur, etter å ha levert Sunniva i barnehagen. Det har og begynnt å spire i blomsterbedda til naboane rundt om kring, og veret i det siste har vore kjeme deilig.
I natt har eg nattevakt, so det pregar fort resten av helga, avhengig av korleis natta blir.
Ha ei flott helg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar