fredag 20. mars 2009

Merkelege bilete

Av og til dukker det opp merkelege bilete når vi lastar inn bileta på macen. Desse har Sunniva teke. Ikkje lett å ta bilete.

Ei taklampe hos farmor og farfar
Å, sterk blitz.
Utiskts bilete.
"Hallo?"
"Er dette riktig veg?"
Ein fot,
ein fot til.
Men det er jo artig med desse bileta. Gode minner å ha når vesla vert stor. Artig å sjå korleis barn ser verda vår. 

Her er det helg, nattevaktene mine vart dessverre avlyst, so eg har motvilig fri, men det er litt godt likevel. Håper det nydelege veret fortsetter, slik at vi kan ta oss ein tur ut. Men eg har lova Sunniva å bake muffins, so da ver det vel litt baking i helga.

Ha ei flott helg!

Ingen kommentarer: