Framleis i feil rekefølgje, men, men.
Mannen lagde deilig spaghetti til middag i går, og vesla ville ete sjølv, her er resultatet. Det var berre å putte jenta i badekaret etter på. Spaghettisaus over alt.
Amalie var heime fra barnehagen. Har kasta opp litt dei siste dagane, (helst når ho skal søve) men håper det har gått over no. I dag har ho fri, so har nesten ein liten ferie. Det var nydeleg ver, og det var nesten forgale å vere inne, so vi flytta ut, sjukdom eller ikkje sjukdom. Men det er ikkje alltid like kjekkt å bli tatt bilete av, og det er jo so mykje spennande ute. Amalie er ei skikkelig utejente, og blir reint frå seg når vi må inn igjen. 


Eg har arbeidshelg, og skal ha nattevakt, so eg veit ikkje kor mykje blogging det vert tid til. God helg, på forskudd. Håper fineveret held seg!
1 kommentar:
haha... herleg bilete av Amalie med halve middagen i ansiktet;)
Legg inn en kommentar