mandag 11. mai 2009

Atlanterhavsparken

Vi har vore ein tur på Atlanterhavsparken. Det var særleg kjekkt for Sunniva. Ho fekk sjå både når fiskar og pingvinar fekk mat, og mate desse krabatene sjølv, Steinbiten var svært interesert. Ein kunne også ta på dei, men med dei tennene der, er det nok best og halde seg unna. 
Sunniva gir fiskane reker.
Her er det pingvinane som fer seg litt mat.

God utsikt frå skuldrane til pappa. 
Slangen vart også studert, men det var medan mannen henta meg på bussen, sidan eg tok busssen ut etter nattevakt, og mannen tok med seg jentene til farmor og farfar. Amalie prøvde hvist å klappe slangen, men handa vart akkurat ikkje med på bildet, ifølge fotografen som passa vesla mesteparten av dagen. Kjekkt å kunne reise plassar ilag med vener. Og endeleg fekk vi komt oss ut dit, har tenkt på det i over eit år.

Her i huset har oppgåve skriving og eksamensmodus byrja å nærme seg med stormskritt, men først er det 17. mai. Den vert nok tilbrakt her i bygda.

Ha ei flott veke!

Ingen kommentarer: