onsdag 20. mai 2009

Travle tider

Då var 17. mai vel overstått for denne gong, men her kjem likevel eit par bilete av den fantastisk flotte dagen vi hadde. Ettermiddagen var tilbrakt i lag med venner, og ellers ganske stille og fredeleg. Jentene kosa seg, og det var jo det viktigaste. Sunniva fekk låne vindmøla, (eller kva ein no kallar dette?) av Amalie, og den virka bra når vinden kom.

Oppgåva er levert og det er enda nokre veker igjen til eksamen, so no er det berre å lese.  Til helga er det nattevakt igjen, men det er jo heilt greit. Dette er nest siste arbeidshelga mi før sommaren og det er litt godt, samstundes som det òg er litt vemodig, i og med at eg ikkje heilt veit enda kvar eg kjem til å jobbe til hausten. 

Vi får besøk i dag, so no skal eg straks igong med ryddinga. Det trengs. 

Og heilt til slutt eit aldri so lite hurra! Vi har nemleg kjøpt oss hus, eller rettare sagt ein halvpart av ein to-manns bustad. Vi skal flytte inn i midten av september, so no er det berre å bite tennene samman og halde ut til då. Skal bli godt å kunne flytte inn i noko heilt nytt, som vi ikkje treng gjere noko meir med enn å innrede det slik vi vil. Vi skal i møte med snekkeren på tirsdag, so det blir spennande. Mykje tid blir brukt på å leite etter dei perfekte løysningane og alt som vi treng  når vi no endeleg får vårt eige.  Eg elskar interiør, og kosar meg med å kikke rundt omkring. So no er det berre å vente på hausten:)

Ha ei fortsatt fin veke! 

Ingen kommentarer: