onsdag 23. september 2009

Kort til bursdagsbarnet

Søndag var eg og Sunniva i selskap til ein gut i barnehagen. Eg har alltid likt og lage kort, og har laga ein del ilag med Sunniva. Dette er noko som vi gjer samman før vi skal i selskap og Sunniva får i stor grad lov til å styre sjølv. Ho får velge fargar og klistremerker og stempel og stempelfarge. Og ho storkosar seg. Det er ikkje so mykje som trengs, og uansett vert det billigare enn korta som ein fer kjøpt. (serdeles dårleg bilde, men det vart ikkje betre.) Har kjøpt ein pakke på Nille med scrappbook papir og klistremerke og diverse med Ole Brumm, (har andre òg) som vi brukar til desse korta. Billig og enkelt:)
Amalie har denne flotte tunikaen som ho reser rundt i, og er ein skikkelig liten tøffing. Ugler er jo inn som aldri før. Ho fann ut at det var på tide å tulle litt her.

Tapeten er lagt, men det kjem bilete seinare. Vart kjempebra. Bilete kjem seinare.

No er det min tur til å vere sjuk, det har gått i tur og orden, og til slutt vart det altså meg. Vert nokre rolege dagar på meg.


2 kommentarer:

Unknown sa...

Åh. Den uglegenseren var fin.

Rosa sa...

Kul ugle-tunika den vesle snuppa hadde :)

Ser det er sjukdom som rådar hjå deg òg. det er vel særdeles upassande no når det nærmar seg innflytting... håpar formen er på plass att snart!