onsdag 16. september 2009

Snart

På fredag om litt over ei veke, overtek vi huset. Det gjenstår litt småtterier her og der, (som trapp, ferdig kjøkkenet, badet og lister) og litt tapetsering, men slik ser det ut no. Det komplette kaos.
Men eg gleder meg til å kunne bruke dette kjøkkenet, og flytte inn i det, når snekkerane har rydda opp etter seg, vel og merke.
Badet manglar innventar, men eg trur det vert veldig bra når det vert ferdig.

Det vart litt underveis bilete i dag. Det ser ikkje so bra ut no, men etterkvart trur eg det vil verte veldig bra:)

Men no er det pakking som kallar, før eg har seinvakt i kveld!

Ha ei fortsatt fin veke!

1 kommentar:

Rosa sa...

hei du, og takk for kosleg kommentar hjå meg!

Det må vere fantastisk å flytte inn i nytt hus, som ein har kunna vore med å påverke sjølve! Eg bur i eit gammalt, men etterkvart som me pussar opp påverkar me sjølvsagt her òg. Ser berre for meg at det er fint å flytte inn når alt er akurat slik ein vil ha det ;)

Nok om det - lukke til med flytting og alt det andre som gjer dagane for korte :)