lørdag 5. desember 2009

Julemannbakst

Julemannar høyrer med her hos oss, og er nok viktigare enn peparkaker, sjølv om det skal bakast det og. Julemannane vart alternative, men eg trur nok det må bakast ei runde til. Julemannformene hadde gjøymd seg, og difor vart det dinosaurar, hund, giraff og isbørn i staden. men no har formene heldigvis komt til sin rett.
Amalie syntes det var stor stas med kjevle, men ho vart litt fornærma då vi skulle trykke dei ut. Det var jo so kjekkt å kjevle.
Sunniva var kjempe flink både til å kjevle og trykke ut. Trudde ikkje ho skulle halde ut so lenge, men jenta har vorte stor og er svært så glad i å bake.
Kjevling pågår.

Dagane går unna her hos oss. Ting har tatt mykje meir tid enn ein trudde og vi er framlies ikkje heilt i orden, men no trur eg det etterkvart byrjar å gå seg til. Mannen skal i år har to veker juleferie i lag med jentene, og eg kjenner at eg kunne tenkt meg litt ferie eg og, når eg må jobbe mange raude dagar i jula. Men eg håpar det vert tid til kos og hygge òg, og ikkje berre stress og mas, som det ofte vert, men i år skal jula feirast i eige hus!

Ha ei fortsatt fin adventshelg


1 kommentar:

Rosa sa...

Fyrst av alt: Så utruleg vakre jenter du har!! Verkeleg englehår på den største der :)

Her i huset har me ikkje starta baksten endå, men eg tippar det vert med stor innsats frå begge jentene når me etter planen tek fatt neste laurdag.

Og så får me tru du får tid til å kose deg med dine kjære innimellom jobbinga i jola! Gler meg til bilder frå huset ;)