Bloggen tok seg ein lengre, litt ufrivillig pause. Det er mange årsakar til det, men det vart litt mykje å byrje i ny jobb og flytte inn i nytt hus, samstundes.
Og som om ikkje det var nok, skal desse to englane verte storesøstre i mai.
Altså, veldig mykje å halde fingrane i, men kjekkt òg:)

Her har det snøva sia før jul. Og det ser ikkje ut som det har tenkt å slutte med det fyrste. Det har vore kaldt sidan desember, og det er godt å kunne varme med ved, og ikkje berre straum. Eg trur aldri at eg har opplevd ein slik vinter, men kjekkt er det, for stor og liten. (Kanskje ikkje fullt so kjekkt når ein er gravid og ikkje kan delta på moroa.)Ein skal tidlig krøkast, og her prøver Amalie seg på ski, ei skikkelig ute jente.

I desember vart Sunniva fem år. Det er lenge sida, og ikkje vart det so veldig spesielt dekkt bord til barnehagebursdagen heller, papirduk til å teikne på, og enklast mogleg. Men slik ser altså spisestua vår ut. Tapeten er eit modig valg, og vi brukte nok litt tid på å venne oss til den, men vi ser no at den passar inn, og passar til bordet som er i eik.

Ladaren til kameraet har gjøymt seg og det er lettare sagt enn gjort å finne den. Derfor er det ikkje nokon nye bilete, men eg skal gjere eit nytt forsøk på å finne denne, slik at det kan verte nye bilete til neste gong.
Ha ei flott veke!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar