Det nærmar seg vår, sjølv om det var slik det såg ut på mandagsmorgen. All snøen kom i løpe av tre timar, og det enda med at jentene ikkje fekk seg ein tur i barnehagen denne dagen, men vi kosa oss heime i staden.
Hagen vår er ikkje opparbeida og all snøen har heller ikkje forsvunne, men eg kjenner at eg gleder meg. So utrolig deilig å ha sin eigen lille hage, der vi kan gjere akkurat det vi vil. Eg kikkar i gartneri brosjyrer, tenker og drøymer om den "perfekte hage", men mest av alt skal det bli godt for jentene å ha ein liten plass der dei kan leike. Ha ei lita sandkasse og ei reie. Slippe å måtte gå ein lang tur for at ein skal kunne få leike seg litt.
Epletreet har vi alt, men har ikkje fått planta det. Gleder meg til det kjem i jorda. Etterkvart skal det få selskap av andre buskevekstar. Sunniva har lagt inn ønske om ripsbusker. Tenk å kunne gå ut og plukke alt ein treng til ein salat eller ein dessert? Hadde vore deilig. Krukker med tomatar eller paprika. Mykje spennande ein kan ha ein hage. Kanskje vert det nokre roser òg?
Men først må plenen såast og graset gro, før vi kan lage oss ein liten uteplass, men når våren kjem for alvor, då er det alvor. Også for hagen.
God Helg!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar