Eg tek meg ei lita runde på den lokale nettbokhandelen Haugen, og leitar etter hagebøker. Treng litt meir inspirasjon, og ikkje minst finne ut kva vi skal gjere med det villnisset som er der ute no. Jorda må snuast, stein plukkast og gras såast, so fer vi sjå om tida strekk til, til ein liten platt, men alt til si tid. Først gras:)
Derfor leitar eg etter bøker som kanskje kan gi oss nokre ideear. Kanskje finnast det hageblad der ute og? Kven veit, kanskje endar eg opp med grønne fingrar?
Her i huset har vi også ein liten gartnar. Sunniva elskar blomster og frø. I fjor fyllte ho posar som ho hadde med seg heim frå barnehagen med frø, som ho planta i blomsterkrukka mi. Etter kvart vart det litt uidentifersebart det som vokste der. Derfor treng vi òg nokre hagebøker om planting for barn. I helga trur eg vi skal prøve å plante litt, og i år vert det planta i dorullar og avispapir. Rett og slett for at vi berre kan plante det rett ut, sidan papiret gjeng i oppløysning.
Denne boka las eg om i MAMMA i fjor. Trur den er heilt midt i blinken for oss. Eg kan godt tenke meg ein liten kjøkkenhage (her vert det i krukker), men eg er opptatt av økologisk mat, og kva er vel betre enn å kunne dyrke det sjølv?
(alle bilder er fra Haugen bok)
Det finnst mange bøker der ute, so eg lyt vel berre fortsette å leite i det store nettunivers.
Amalie er no heime frå barnehagen på fjerde dagen. Håpar ho er betre til i morgon. Ikkje godt for ein liten kropp å vere sjuk i mange dagar.
Ha ein fortsatt flott hagedag!





1 kommentar:
Vi har ei grunnbok "med alt": http://www.aschehoug.no/fakta/naturogfritid/katalog?productId=800760
Kjekt som oppslagsverk og bruksanvisning. Elles har eg eit hageblad du kan få arve.
Legg inn en kommentar