tirsdag 27. juli 2010

Late og travle dagar

Etter regn kjem sol, heldighvis. Og no nyt vi late dagar i sola, men også travle dagar. Her er det mykje som skal gjerast. Både i og utanfor huset. Beising, plensåing, badekar, samt ein liten sykrok til meg på gjesterommet. Her manglar det ikkje på arbeid, nei. Men no byrjar det endeleg å ta form etter å ha stått stille ei god stond.


Terassen vert eit prosjekt for neste år, og verandaen er under beising so brukar vi det vi har, og jentene tar seg ein liten matbit i sandkassa under parasolen. Godt med eple, og litt skugge i varmen. (og dersom ein ser på kjolane til jentene, ser ein kva farge som gjeld i heimen.)

        


        

Har prøvd å sy ein liten bleiepose, og til ikkje å ha mønster eller noko er eg overaska over at eg klarte det, og kor enkelt det var. Kanskje eg lyt prøve meg på litt fleir når eg får symaskina opp og gå.

      

Sidan hagen ikkje er ferdig har vi tatt kjøkkenhagen i ei lita tønne. Her veks salat og gulrot. Muligens litt tett, men alt må erfarast, og salaten er faktisk god. Neste sommar vert det kasnkje litt meir som spirer og gror her i hagen. Drøymer om litt buskevekstar som ein kan hente desserten frå, og kanskje litt andre ting. Men i år er det graset som er viktigst, so i går gjekk fire menn til verket og no kan snart plenen snart såast, men litt arbeid gjenstår enda.

Jentene har lang ferie i år. Sunniva er førsteklassing i år og Amalie skal byrje i ny barnehage. Då vert det heile fem veker heime, i tillegg til ei lita frøken, so her er det nok å henge fingrane i, men august vert ein spennande måte på alle måtar, med mange ting som skjer.

Ha ei fortsatt flott veke!

1 kommentar:

Maria sa...

Grattis med bleiepose. Alltid like gøy når man får til noe som man ikke hadde forventet.