Vi er alt kommen til august, og hos oss er dette ein månad full av små og store hendingar. Sunniva skal byrje på skulen, Amalie skal byrje i ny barnehage og vesle Karoline skal døypast. I tillegg skal eg og mannen i bryllaup, og mannen skal på jobbreise nordover. Her er det berre å brette opp armane og gjere seg klar.
Karoline har fått seg eit par små lestar. Dei vart eigentleg strikka til ei lita jente, men tida sprang frå meg. No er trådane festa, og passar nesten til Karoline. Litt store enda, men er gode og varme til vinteren i mjuk alpakka.
No er snart barne-tv ferdig og vi skal skru ihop ein kommode som skal opp på sy/gjesterommet her i huset. Eg gler meg til det er ferdig og litt rolegare dagar.
Her går det i hundre!
Ha ein fortsatt fin kveld!

2 kommentarer:
Så fine sokker, nydelig farge også:)
Kan tenke meg hverdagen er litt travel med tre små jenter, og det så ut som om august er en begivenhetsrik måned for dere også:)
Vi har også skolegutt for første gang, og jeg føler meg rimelig grønn, for skolen er jo ikke som den var da jeg var ung...
Men hovedpersonen selv gleder seg, og det gjør da foreldrene også:)
Klem B:)
Som hjå deg er august travel hjå oss òg, med bursdagar, skulestart og jobbreiser. Og eg ser lenger nede at sommaren vår har vore nokså lik, med mykje oppussing i heimen. Fine små labbar du har strikka, og fine jenter i sola under her!
God helg!
Legg inn en kommentar