tirsdag 14. september 2010

Ein vakker haustdag

Vi har no vore so heldige og hatt nokre deilige haustdagar, men no har regnet verkeleg komme. Men desse dagane måtte jo nytast.

Amalie har fri på fredagane, og då må ein jo finne på eit kvart. Først bakte vi mini calzone, (då må ein jo smake på osten), so la vi i veg med vesle Karoline i vogna.

Amalie gjeng ikkje, anten joggar ho, eller so spring ho. Litt vanskeleg å halde følge til tider, men heldigvis er det finne stiar, med ein og anna sykklist i ny og ne, men denne dagen hadde vi vegane stort sett for oss sjølve.

Med denne flotte utsikta åt vi maten, som vi hadde vore so flinke å baka før vi gjekk.


Og før det var på tide på rusle heim, måtte ein sitte og filosofere litt ved kanten av vatnet. Nokre kongler fann vegen ned i vatnet òg.


Deretter var det på tide og rusle heim for å hente storesøster på skulen.

Ny veke og nye moglegheiter!

Ha ei flott veke!

1 kommentar:

Rosa sa...

Jammen såg det ut som ein kosleg heimefredag for deg og Amalie (og vetlesyster i vogna, sjølv om ho gjerne ikkje merka så mykje til det ;) )

Fine bilder!

og så må eg sei takk for helsingane hjå meg - det er veldig veldig kjekt å få litt respons!

God veke vidare til deg og småjentene!