tirsdag 31. august 2010

Pusslerier

Når ein ikkje er heilt i form og mor meinar at ein bør vere inne enda ein dag, er det godt å ha litt pusslespel å ty til. Amalie er ein liten "racer" til å pussle, men greit med litt rolege aktivitetar innimellom.




Etter ei heller travel veke med mykje sjukdom håpar eg no alt er tilbake til normalen, eller i alle fall nesten. Amalie er tilbake i barnehagen etter å ha fått seg ei ekstra ferie veke. Sunniva trur eg no er stolt førsteklassing, etter å ha meint at ho ikkje gjekk på "skikkeleg skule for dei berre leika, og gjekk ikkje på skule på laurdagane", og mor lurer på kvar slike tankar kjem frå. Men no når dei har byrja å lære engelsk, ja då er det skikkeleg skule.

No må eg springe ut i regnet med veslemor for å hente to frøknar. 
Hausten er verkeleg kommen til Sunnmøre.

Ha ei flott veke!

Ingen kommentarer: