Adventskalender er i boks, sølv om den ikkje er åpna enda. I år fallt valget på Aasen-tunet sin, av fleire grunnar. Det vert nok ikkje pakkekalender her, men i år vil eg heller at vi skal gjere litt meir ut av adventssøndagane. Som om morgonane ikkje er hektiske nok, er det greit å fjerne eit stressmoment med den pakken, og ofte vert det mykje dill og i desse pakkane. Ein skal jo ikkje blakke seg heilt heller. Men sia Sunniva fekk ein flott brodert kalender i julegåve fjor, må den jo hengast opp, nokre dagar vert det nok kanskje ein liten ting, men ein kan jo henge opp aktivitetar i staden, litt spenning må ein jo ha i kvardagen.
Må berre finne den kalenderen.
Mandarinar, eller var det klementinar, gjeng det mykje av,
dei har pynta seg med kanelstenger i skåla si.
Også tunnkatten Lurivar er med. Han er jentene sin favoritt trur eg.
Kjekk og grei er han ihvertfall.
Her har vi ekstrem kulde for tida, sunnmøringar er ikkje vande med kulde, og no ligg det på -10 på andre veka, hadde det berre vore litt snø, men det er det altså ikkje, berre kaldt.
Eg lurar meg på om eg skal våge meg ut på ein aldri so liten adventskalender på bloggen i år. Håpar tida strekk litt meir til framover. Hausten har i stor grad vore prega av sjuke born, so no håpar eg at alle held seg friske fram til jul.
Har jo so mykje som skal gjerast og bakast og lagast.
Og eit par bursdagar som også skal feirast med måte.
God 1. desember



1 kommentar:
Så det er ikke bare hos meg at tiden ikke strekker helt til fortiden. hehe, og at vesla di ikke er enig i at du vil sy er en kjentsak her i huset også. bare en liten sovetime midt på dagen der sånt går ann :) Lykke til med adventskalender! Og god 1. desember til deg også :)
Legg inn en kommentar