Amalie fekk seg ein tunika tidlegare i haust.
Den var faktisk ganske so kjapp å strikke, og vart strikka i
Sandnes Duett. Er ikkje heilt sikker på om eg likar garnet,
men greit nok å strikke med.
Lomma vart ikkje heilt perfekt,
men frøkna dreg i den, og då vert det slik.
Men eg må nok strikke ein til, til store søstra,
men først må noko anna verte ferdig.
Her byrjar julefreden å senke seg, trur eg.
I år har eg faktisk ikkje hatt den store julefølinga.
Juletreet er pynta av "bompibjørnen" og store jenta.
Det vart ikkje so mykje julekakebaking i år,
men vi skal vere vekke mesteparten av jula, og då vert det litt slik.
Men det viktigaste er at mat og julegåver er i hus,
julekorta er sendt avgårde,
og eg trur at vi alle skal verte fornøgde, i år òg.
Men det som ikkje er gjort no, det vert ikkje gjort.
Jula er jo barna si høgtid, og det er viktig å ta med seg.
Vi må nok verte flinkare til å senke skuldrane litt i førjulstida.
Juleferien har byrja for oss no. Alle har fri til over nytt år.
Godt å ta det med ro, og ha tid til kvarandre
og ikkje stresse opp om morgonen for at alle skal rekke sitt.
Godt å sleppe å vakne til den forferdelege vekkerklokka.
No er det i staden ivrige småjenter som vil sjå barne-tv.
Ha ei fortsatt god førjulstid!
(sjølv om julaften ikkje er langt unna.)

1 kommentar:
Ynskjer deg og dine ei retteleg god og fredeleg jolehøgtid!
Legg inn en kommentar