tirsdag 11. januar 2011

Nøstebarnteppe

Nøstebarnteppe er endeleg ferdig. Eit skikkelig evighets prosjekt, men etter nistrikking
i omlag heile desember, er det no endeleg ferdig, og aldri meir. Sidan eg ikkje likar å legge opp, eller felle av, har eg strikka det frå hjørne til hjørne. Greit nok, men det blir uendelig mange masker på midten. Men no er det heldighvis ferdig. Godt og varmt for vesle mor.


Ka'line har oppdaga korleis ein skal sitte og fyke over golvet, noko som jo er morosamt, men du for ein fart den vesle kroppen har. Ho oppdaga seg sjølv i ein spegel i ei bok, og denne babyen skulle smakast på:) Alt ein ser skal smakast på, også andre babyar.


Eg prøver meg på eit aldri so lite nyttårsforsett i år.
"Å prøve å fullføre nokon av mine mange prosjekt."
So langt har det gått greit, og no er faktisk alt tre små prosjekt fullført, 
(nokon små og nokon litt større).

Ha ein flott dag!

Ingen kommentarer: