onsdag 26. januar 2011

Pynt til lommetørkler

Papirlommetørklene hadde litt behov for å pynte seg, og sjå litt freshare ut nede i veska.
Derfor vart denne kjekke lille saken til i stoff frå mamma sin lille stoff himmel. 
Når vi er der på besøk er det fort gjort å ta seg ein liten tur opp på "strikkerommet" (som seksåringen kallar det) og finne seg eit lite prosjekt. Her er nok å ta av, og stoff samlinga skal krympast, so då kan ein hjelpe litt til, ikkje det at det gjekk med so veldig mykje stoff til denne vesle saken.



Her har dei siste vekene gått i eit. Eg har vore sjuk og ei frøken har vore heime frå barnehagen med ein augekatar. Ein tre årsdag har vore feira uten at ting vart heilt som planlagt, men tre åringen og kjempeflinke bestemødre som bakar kaker gjorde at det blei bursdag. Ellers hadde det nemleg berre blitt gul gele, som bestilt, og det hadde ikkje vore heilt det sammme.

Og i kveld var seks åringen på sitt første langrenn i lag med pappaen, litt blanda følelsar der etter eit litt ubehagleg fall. Skare er nemleg ikkje noko å dette med andlete først på, men kjekkt var det likevel.

Ha ei fortsatt flott veke!

Ingen kommentarer: