Amalie er flink til å hjelpe til. I dag fekk ho gi Karoline mat på ordentleg, ho leikar ofte at ho gir ho mat. Karoline er ikkje so veldig glad i mat enda, so at ho et er ein aldri so liten sensasjon. Og ho tenker på alt, også at ein må tørkast rundt munnen. Nokre skeier forsvann inn i munnen til Amalie òg, ho syns nemleg at baby mat er svært so godt, og vil ofte ha resten. (ops, ein litt uryddig kjøkken benk, men vi hadde baka, og augenblinken måtte forevigast der og då).
Dagens lunsj:
pizzasnurrar med tacokjøttdeig i prikkete rosa muffinsformar.
Det er ikkje alltid like enkelt å være storesyster, når veslesyster er bokstaveleg talt over alt. Her prøver ho å lage mat med maten ho fekk i julegåve, og Karoline prøver også å vere lag.
Det vart stillt her igjen. Litt rusk har gjort at eg ikkje har vore heilt i form den siste tida, men no håper eg at vi held oss friske og raske alle samman. Også macen er friskemeldt no, so då er det litt lettare.
Ha ei flott helg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar