Denne flotte krabaten var ein av alle dei vi traff i dyreparken i Kristiansand i sommar. Mange bilete ligg på mobilen min og ventar på å verte lagt inn, men eg har ikkje komt so langt enda.
Eg må no kjenne på mi eiga begensning og tek denne gangen ein annonsert bloggpause, kor lenge den vil vare og om eg byrjar å blogge igjen, må tida vise.
Overgangen er svært stor no. Vesla har hatt sin første dag i barnehagen og eg jobbar to til tre kveldar i veka. Og når ein då har ein liten med lakenskrekk, kan det derfor verte litt i meste laget. Eg håpar at det no vil roe seg når ho no byrjar i barnehagen, og at vi kan gå ein fin haust i møte.
God haust!
(So fer vi sjå om eg kjem tilabke når alt har roa seg litt.)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar