mandag 1. august 2011

Sommaren i år

Slike dagar har det ikkje vore mange av. 
Men vi fekk ein dag på stranda i Larvik og vi fekk litt strandliv i Kristiansand òg. 
Dessverre er det ikkje slik her på Sunnmøre. Sjølv om vi er tilbake i kvardagen håpar vi likevel at vi kan få nokre fleire fine dagar. 
No er det 12 grader om morgonen og skodda ligg langt ned i fjella heile dagen.

Sommaren har bydd på mykje. Vi har fått besøke min bestefar, og jentene har fått blitt betre kjent med oldefar som bur langt vekke i Larvik, vi har feira mannen sin bestemor som vart 90 år. 
Og vi har, som alle andre, kjent på makteslause og sorg etter den ufatelege tragedia som ramma so urettferdig og meinigslaust.
Og midt oppi det heile har vi feira 6 års bryllupsdag.

No er vi tilbake til kvardagen. Både eg og mannen byrjar på jobb denne veka, og eg har arbeidshelg. 
Og neste veke byrjar Vesla i barnehagen. Rart for mor, men eg trur det vert kjekkt for Vesla.

Ynskjer deg ei riktig god veke.

Ingen kommentarer: