mandag 21. november 2011

Smått og godt

Eg har lenge sett desse Bruka skålene rundt om. 
Dei er flotte, og eg kunne gjerne tenkt meg ei slik sjølv, men næraste butikken som sel det er på Moa,
og der er eg ikkje so ofte.
Eg fann imidlertid desse skålene på den lokale butikken,
(forløbig er denne skåla einsam),
men eg likar fargen og det at det er på norsk. 


Slike flotte skåler må sjølvsagt fyllast med noko, 
og no er det Opera Mints som er blant favorittane.


Vi har heldighvis komt oss litt etter ei veke med sjukdom 
hjå samtlige i familien,
arbeidshelg, kurs og gru seg til tannlegen tek mykje tid,
men no er vi ferdig med alt det, heldighvis.
Rolegare dagar er svært velkoment. 

Ha ei fortsatt fin veke!

1 kommentar:

Fargebarn sa...

Kjempefin skål. Passer jo godt nå i disse adventstider.
Og operamints er min favoritt også.
Nam!