søndag 4. desember 2011

Pepperkakehus

Eigentleg var ønsket ei pepperkakekyrkje, men det fann dei ikkje på butikken. 
Men gjer det noko?
Neida. Det vert pynta like ivrig for det.
Jentene fekk pynte fritt, utan at nokon blanda seg.
Her er ein bade fokusert og engasjert,
og Vesla deltar på sin måte:
med å ete Non Stop.





Huset er no pynta, men ikkje satt samman enda, då det vart litt mykje glasur på enkelte av delane.

Jentene og mannen er i tunet på familiedag, og eg håpar at foten er bra igjen til i morga,
då klønete meg klarte å tråkke over.
Sida vi skal ha tre! selskap dei neste to vekene er det noko 
eg ikkje har tid til.
Desember er nemleg den travlaste bursdagsmånaden her i heimen med to bursdagar, og barnebursdag med 13 jenter, er ikkje gjort i ein fei heller.

God 2. søndag i advent.

1 kommentar:

Rosa sa...

Det såg kosleg ut :) Her er det verken baking eller noko anna endå, men me får håpe det vert jol likevel.

God sundagskveld!