Muffins må ein ha når ein vert 4 år, ho hjalp til med å lage dei sjølv,
og pynten har ho, storesøstra og nabojenta hatt på.
Stas å kunne velge i strøssel og former,
og rosa er alltid ein vinner.
Også minste jenta må få vere med.
Ekstra sepnnande er det at det er det først barneselskapet.
Godt med kake som snille svigermor har baka.
Dette teppet har eg brukt hausten på å sy, innimellom.
Det har tatt si tid, og den siste finishen måtte settast bort,
tida mi rakk ikkje til.
Men no er det ferdig, og jenta er fornøgd,
på baksida er det blå fleece med froskar på, som er ein favoritt.
Har meir fleece, so Vesla får kanskje eit teppe til sin bursdag,
eller seinare, (vert vel heller seinare......).
Ha ei fin veke!




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar