lørdag 21. januar 2012

Trådrusk

Etter at mange prosjekt er strikka ferdig må ein ta festejobben,
ikkje like kjekt alltid, men alltid godt når trådane er festa,
og ein kan byrje å bruke det som er laga. 


Her er det trådar frå alt mulig
vaskeklutar, sitteunderlag, hue,
bambusgarn, picklesgarn, ullgarn, hyssing

Godt med fargar inne når dei glimrar med sitt fråver ute, 
men no er det heldighvis kvitt ute.

I morgon skal vi feire frøken midt i mellom, ho vert nemeleg fire år på mandag.
Bursdagsselskap og arbeidshelg er ikkje heilt foreneleg, 
og då er det godt når nokon kan trå litt til.

Ha ein fortsatt fin kveld! 

Ingen kommentarer: