Ein stabel med sitteundrlag har fått seg ei runde i vaskemaskinaog er no klare til bruk. Enkle og raske og strikke, so då er det fort gjort å verte litt "opphengt" i dei. Og sidan det er det einaste eg kan strikke i bil, og er eit veldig praktisk jobbstrikk, har det visst blitt ein heil del (og fleire ligg i skapet på gangen.)
Oppskrifta er enkel:
Legg opp 80 masker på f. eks. p. nr 6
Strikk 6 riller/ 12 pinner
fell dei midterste 20 maskene og legg opp 20 nye masker på neste pinne
(dersom du vil ha handtak, hvis ikkje er det berre å strike videre uten)
Strikk til du har strikka opp tre nøster eller har 60 riller
og fell av.
Vask i maskina med milo på 40 grader på vanleg program
og gjerne ein handduk eller to.
Eg har brukt Mor Aase og Topp Ull,
men Østlandsgarn frå Nille egnar seg også godt
Fortsatt fin søndag!

1 kommentar:
Så artig! Slike har eg hatt lyst til å lage! Og her finn eg enkel oppskrift og greier!;-) så bra! Men, spørst om d blir...! Ikkje så mykje verken eller før tida... Synst dagane går uten at en nesten he fått gjort nokke...:-S
Legg inn en kommentar