Eg er ikkje so veldig glad i nips,
det får heller ikkje stå i fred for små fingrar.
So då eg kjøpte denne ramma var eg litt usikker på kvar den skulle stå,
for det er ikkje so mange plassar å sette slike ting heime hjå oss.
Derfor hamna den i vinduskarmen.
Det er bilete på begge sider,
slik at ein kan forandre uttrykk heile tida,
og rett som det er har vesla vore og snudd på dei,
og eit nytt bilete kjem opp.
Eg har heldighvis fått vaska vekk det verste av Dagmar frå vindaugene,
men det må nok ei runde til.
På utsida av vindauget her i fjor var det ikkje veranda,
den vart bygd på i fjor sommar,
og må målast i år.
Heldigvis er den med på å redusere litt innsyn i stova,
og i år fortsett prosjektet reduser innsyn.
Ikkje berre berre å bu i eit nytt byggefelt der det er om å gjere skvise husa tettast mogleg i hopp
for å tjene mest mogleg pengar.
Eg har arbeidshelg med dobbelvakt i kveld og nattevakt i morgon,
jentene skal på besøk og kanskje vert det tid til litt etterlengta ro i heimen.
Riktig god helg!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar