torsdag 19. april 2012

Vest og vår

Då vi var på hytta i påska festa eg dei siste trådane på denne vesten. Eigentleg skal det vere ein heklakant rundt, men eg likte den litt slik. Den er mjuk og god, og dessverre mangla eg omtrent 10 gram på å få ferdig arm nr. 2, so isteden for genser, vart det derfor vest sidan garnet er frå lageret. Strikka i Babaysilk frå Du store alpakka, og mønsteret er også der ifrå. Vesla er glad i å vaske opp, og kosar seg veldig når ho får leike med vatn.


Endeleg kom våren hit inn i fjorden også. Tok dette bilete då eg var på jobb ein kveld, og ein tur endte på fergekaia. Og forhåpentleghvis vert det fleire slike dagar.



Bileta er tatt med mobilen min, 
då speilreflekskameraet har bestemt seg for å ikkje spele lag akkurat no,
 so det kan hende det ikkje har tipp topp kvalitet.

Riktig god helg!



Ingen kommentarer: