onsdag 25. april 2012

Handlenett


Eg prøver på ulike måtar å leve meir "grønt", og det siste no er å unngå å kjøpe handlenett. Desse plastposane har ein tendens til å hope seg opp, og ta over kjøkkenskapet.
Dermed vart dette plutselig til ein dag eg hadde fri på dagen. Det skal få bu i veska mi. Er litt usikker på kor mykje det tåler, men til små handling fungerer det heilt supert. Sidan dette er prototypen ser eg at der er nokre små justeringar som må til. F.eks vart hankane litt for lange. Litt mitt mønster, og litt eit anna mønster. Fleire vert nok laga, for eg må krympe stofflageret mitt.
(Og ja, det var sol då bilete vart tatt, framleis med mobilen).


1 kommentar:

Benedikte sa...

Så fint! Mye finere enn kjipe plastposer og morsommere å handle når man har et så fint nett! :)