Eg har eit sterkt behov for fargar om dagen, knallfargar.
Desse posane har vorte til på eit par kveldar, litt sånn innimellom. Dei er ganske store og meint til å ha små kleda til jentene i når vi skal på ferie. Vi reiser av og til vekk i helgene og då vert alt berra stappa ned i ein stor bag. Då er det ikkje alltid so lett å finne igjen det ein skal ha, men no håpar eg at det vert litt enklare.
Fargen på den gule er mykje meir knall en kva det ser ut som på bilete, den er nesten signalgul.
Stoffa er frå Panduro.
I går var Vesla på kontroll og på vegen heim måtte vi innom ein liten barnebutikk som vi har i bygda.
At vi kan få Virevalla og Katvig her inne må ein berre utnytte seg av.
Kleder til å verte glad av.
Eg er litt treig av meg, men har no laga meg ein profil på Instagram,
og vert nok meir der i sommar enn her.
Følg meg gjerne der:
anitakristin


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar