tirsdag 8. januar 2013

Vottar

Eg har vottebarn. Dei elskar vottar, men er svært so kresne. Desse tjukke vottane som ein får kjøpt på sportsbutikkar er ikkje noko særleg, dei er nemleg både store og klumpete, og kjem av fortare enn dei kjem på. Heldigvis går regnvottar ann på det våte Sunnmøre. Men skal det vere vottar, skal det vere heimestrikka vottar, for dei er nemleg best, og då gjerne i alpakka. Derfor vert det ein del vottestrikking. Dei to minste sine par er ferdig, (og har vorte venelaus, so då må ein ta til igjen), medan storesøster sine manglar tommlar. Ei enkel og god oppskrift finn du her hos Drops, denne passar også for dei litt større borna. Dei vil jo ha vottar dei òg.


(frøken midtimellom sine i str 3 - 5 år, ikkje lett å ta bilete når det er mørkt garn og mørkt ute.)

Tusen takk for koselege gratulasjonar. Det vert sett stor pris på.

Ingen kommentarer: