onsdag 10. april 2013

Ei lita oppdatering

Det går i rykk og napp denne blogginga om dagen. No ventar vi berre på at Bitteliten skal komme, og det kan bli lange dagar å gå og vente. Spesielt med sjuke born i tillegg. So no håpar vi at alle er friske og at Bitteliten ikkje lar vente so veldig mykje lengre på seg.

Men sjølv om det er stille på bloggen er det so absolutt ikkje stille i heimen. Her skjer det stadig noko, og nokre sy og strikkeprosjekt vert det også tid til.

Eg og storesøster har sydd eit penal til ho. Ho har valgt stoff sjølv og kasta over kanten rundt
(hvis du ser nøye etter ser du sikksakken, men det gjer jo ingenting)
so har eg sydd det sammen. Stoffet er pappaen i heimen si gamle dongeribukse. 
Dongeri er heilt supert til slike penal, held seg godt, og tåler ein støyt.
Og gjennbruk, det likar vi, eller brukt på nytt om du vil.


Ein del av buksa vart også til ein pose til trådrusk, (litt dårlig mobilbilete.)
I bakgrunnen ser du mamma si gamle symaskin som eg har vore so heldig å arve. 
Den går enda, sjølv om vi kranglar litt av og til. 
Planen er å sy ei stor brødkurv også til utebruk i sommer i samme stilen, og kanskje ei til leiker(?).


I fjor hadde vi grønnsakshage, men det spørs om det vert det i år. Det var kjekt for jentene, men eg er usikker på om tida strekk til og energien er der til det. Men jentene elskar alt som spirar og gror og å grave i molda er heilt supert. Det er rett nok fristande og jukse litt, ein kan jo få kjøpt både det eine og det andre, men bærbusker, det håper eg vi kan få i hagen i år. Hagen er jo ikkje heilt ferdig, og den eine uteplassen manglar framleis rekkverk. Altså nok av prosjekt å ta tak i.

Ha ei fortsatt fin veke!




1 kommentar:

perler-og-prestekrager sa...

så flink du er!!Nå ble jeg inspirert til å sy litt igjen:) Fikk lyst til å sy brødpose:) Masse lykke til med innspurten, håper ventetiden ikke er så lang nå. Klem fra Heidi