Dagane er fulle. Det er jobb, svømming, bordtennis, kor, møter, trening, bursdagar og alt anna som fyller dagane til ein familie på seks.
Men innimellom må det bli litt tid til strikking også, for å behalde fornufta. Eg kan sette meg ned i komplett kaos og strikke eit par rundar før eg er klar for å fortsette.
"Knitting is the New Yoga".
For meg er strikking som Yoga. Ein måte å senke skuldrane på. Slappe av, og sjå at ein kan skape noko med hendene, noko som veks.
Denne gongen var det ein rosa genser, med striper. Flittig i bruk. Og ingenting er kjekkare enn det, jo kanskje at garnlageret krympa med nesten fem nøster på denne genseren. For garnlageret skal krympast, so det er berre å fortsette å strikke, senke skuldrane og kjenne på roa.
Med fire små frå 9 mnd til 9 år, vel då treng ein det også.
Fyr i ovnen, ein stor kopp te og strikketøy.
Bileta mine har vore dårlege i det siste. Beklager det. Denne genseren er i barnehagen i dag ilag med frøkna, og då er det vanskelig å få ta nytt bilete.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar