Med det nye året kom også den nye kvardagen. Tilbake til jobb, og pappaen ut i permisjon. Denne gongen har vi riktig nok valgt at han skal ha gradert og ha fri to dagar i veka fram til hausten, sidan eg likevel jobbar turnus og helg, er det ein grei måte å gjere det på. Også får vi ha lille mann heime litt lenger.
Av og til kan det vere ei utfordring å ha tre eldre søstre
Full fart på jakt etter nye og spennande ting
Fins det noko spennande nedi her?
Lille Mann er ein ivrig liten kar som er iherdig i sin jobb som utforskar av den vesle stova. Han har riktig nok ein jobb til som sjarmtroll for resten av familien, noko eg ikkje trur han tar lett på når han smiler sitt blidaste smil, med smilehol. Då smeltar vi alle.
Etter ein lang permisjon er det rart å vere tilbake til jobb.
Rart å tørke støvet av jobbidentiteten, å være faglig og ansvarlig.
Men når ein har byrja å jobbe er det nesten enda betre å komme heim, og sett endå meir pris på fridagar der vi kan kose oss heime, eg og Lille Mann. For det er alltid noko å finne på. Ut på tur,
eller under bordet på jakt etter noko spennande som storesøstrene har mista ned.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar