onsdag 25. mars 2015

Hus og kjøkkensprell

For ca ei veke sidan kjøpte vi oss nytt hus. Vi har vore på jakt ei stund, då vi har vekse ut av det vesle huset vårt. Tomannsbustad vert bytta ut med einebustad i kjede. Tre soverom og lita stove vert bytta ut med fem soverom, kjellarstove og stor stove, i tillegg til etestove. Og vi gler oss. Vi har byrja å pakke, men i dag har ikkje energien heilt våre der, eg har hatt lyst til å gjere noko anna, so i dag, vart det kjøkkensprell.


To spelt brød, etter eiga oppskrift. Ta det ein har og miks. Kjempegode. 
Og eg kan virelig anbefale Clas Ohlson sine silikonbrødformer.
 Plutselig vart det enkelt.
 Vi er så heldig å ha eiga mølle i bygda der vi kjøper 25 kg sekkar med økologisk spelt mjøl. 
Veldig kjekt for ein familie på seks, som likar ferske brød.
Og ja, når ein skal flytte vert det litt kaos rundt ein.



Før eg gjekk på jobb i går heiv eg saman knekkebrød.
Kjempegode og ikkje minst sunne.
Og når ein gjer det sjølv, veit ein at dei også er økologiske.






Perles granolabarar.
 Litt for gode, men overaskande lette å lage sjølv. 
Ta med ein i veska, på fjellet, eller når det er litt for lenge til middag.
Her finn du oppskrifta.


Ingen kommentarer: