For ei tid sidan byrja eg på årets kjøkkenhage. Då eg byrja på den trudde eg ikkje at vi skulle flytte før sommaren, men kjøkkenhage skal vi ha, flytte eller ikkje.
So langt har vi sådd urter, tomatar, squash, purre og agurk. Dei har alt vokst mykje, so eg har planta dei om, og no tar dei opp store deler av den vesle stova vår. Det står i alle vinduskarmar, i tillegg til at det er kasser over alt. Eg gler meg til vi kan begynne å bere litt ut av huset, for no er det fullt. Men eg håpar at vi kan få plass til eit lite drivhus i den vesle hagen vi får på sikt,
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar