torsdag 7. januar 2016

Soverommet til lillebror

Lillebror har fått seg nytt rom. Vi har lagt nye veggar, nytt golv og tapet, i tillegg til å male vindauga. Rommet er ikkje stort, men er passe til ein  liten gutt på to år.




Den gamle hylla er arvegods etter borna si oldemor.


Dei viktigaste tinga i livet til lillebror. Traktor, bilar og verktøykassa.


Slik såg rommet ut da vi flytta inn. Alle hyllene og skrivebordet stod igjen. Skrivebordet måtte sagast i tre delar for å få det ut. I tillegg var det mykje strietapet.

Vi er ferdig med hovedetasjen. Etter kvart må vi ta til nede, men vi vel å ikkje stresse. Nede er det maling og nokre soverom som må fiksast litt på.

Ingen kommentarer: