torsdag 31. mars 2016

Påska












Påska er over, og vi er snart ferdig med første veka etterpå. Dagane flyg, men livet er likevel fint. 

Vi fekk oss ein fin liten ferie denne veka, til tross for mykje sjukdom. Vi har hatt fine augneblinkar innimellom, tross alt. Og vi har virkelig prøvd oss på eit sakte liv, med å lage middag på bål, slappe av, vere so mykje ut som mogleg og vaska kleda uten vaskemaskin. Vi har prøvd livet, og det har egentlig vore godt. Vi treng desse periodane det vi kan skru av og prøve å ikkje la oss stresse. Prøve å finne roa, og gi oss sjølve lov til å vere utilgjengelige for omverda.

Ingen kommentarer: