Nokon må rydde tilslutt
Årets frø er komt i jorda, og står inne i gangen og kosar seg. Eg vil at born skal lære seg kor mykje arbeid som ligg bak maten vi kjøper. For nokon må arbeide for at vi skal få mat. Samstundes som det noko vi kan gjere ilag. Men ein lærer også å ta vare på det som gror. Vi har ingen stor hage, men vi har måtte saga ned nokre tre, og har eit blomsterbed som er fylt av ugress, og her lagar vi grønnsakshagar. Gulerøtter og poteter skal også i jorda. Så får vi håpe det blir litt ut av det. Jentene vart so ivrige tilslutt, so eg mista litt oversikt over kor mykje som er planta av kvar, men det går nok fint likevel. For meg er det viktigare med ein nyttehage, enn ein pyntehage. Vi les litt, og prøvar og feilar, og tilslutt får vi det til. Men det er noko beroligande med dette hagearbeidet. Noko sakte, som eg trur vi treng






Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar