Stilen inne i huset er eg veldig usikker på. Men mykje går i naturstil og brunt. Av og til kjem eit akutt beov for fargar, og då vert slike putar trylla fram. Mesteparten er nemleg svært so kvit her, som du so vidt kan skimte bak putene i sofaen. Gardinene er for tida brune, men dei vert nok bytt ut snart, men slikt er nesten ikkje råd å få kjøpt her vi bur, og då tek ting litt ekstra tid.
Mannen er på jobb i dag, so då kosar vi oss litt ekstra. Vi har sett film, poppa popcorn og tek livet med ro. Slike dagar er herlege og dyrebare.
No skal vi kose oss litt meir, og kanskje trylle fram litt fleire erteposar,
(som resten av blogglandia), og kanskje nokre kort, dersom vesle frøkna søv litt til.
Ha ein fortsatt flott søndag!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar