Av og til er det godt med små strikkeprosjekt som er fort gjort, og ein ikkje treng å tenke spesielt mykje. Godt å ha ein avslappande hobby å ty til når skuldrane har heva seg eit par hakk ekstra.
Ein kjøkkenklut (eller tvøge som vi sei her) er eit raskt og kjekkt prosjekt, og når det berre er eit nøste tek det ikkje noko særleg plass i veska heller.
Oppskrifta er heller ikkje vanskeleg:
Legg opp 45 m på p. nr. 4 - 4,5
Strikk 3 rette, 1 vrang, gjenta.
Pass på å ha nok garn til å felle av.
Har brukt Føn fra Gjestal som inneheld bambus,
eit garn som er godt å strikke med.
Vert nok fleire av desse etterkvart, greit å ha med seg på jobb, der ein ser litt overkant mykje tv og har litt vel mange seinvakter i periodar. Men no er det kjole til minituppa som er på pinnane, som eg håpar skal verte ferdig til 17. mai. (lov å drøyme)
Eg har overlevd mi første veke på jobb etter permisjonen, men skal glatt innrømme at tre seinvakter på rad, ikkje er den beste måten å starte på. Men jobbkondisen kjem heldighvis litt etterkvart.
Ha ei flott helg!

1 kommentar:
Hei!
Takk for hyggelig kommentar inne hos meg! :)
Så flink du er til å strikke!
Klem
Legg inn en kommentar